|
Startside
Nyheter 22.03.2012 - UNDERVEGS LIGG EVENTYRET! 13.02.2011 - Buldrerom 01.01.2011 - Leie samfunnshuset?
|
Lalm, ein god plass å bu! Lalm ligg i Vågå kommune, midt mellom Vågå og Otta, og har ca. 330 innbyggjarar. Bygda har storslått natur, spennende historie, trygge oppvekstvilkår for barna og er ein trygg plass å bu for store og små. Frå det nye bustadfeltet, og ellers i Lalm sentrum, er det gangavstand til det meste: Butikk/post, oppvekstsenter (barnehage og skule), samfunnshus, idrettsplass, ljosløype og ein del arbeidsplassar. Vågå kommune har utferdiget 12 (5 stk.bebygd) nye bustadtomter på Lalm som trygt kan bli karakterisert som dei finaste i Nord-Gudbrandsdalen! Tomtene ligg skjerma for vind i solvendt, frodig skogterreng med fjellheimen som nærmaste nabo. Det er kort vei til oppvekstsenter, barnehage, leikeareal, butikk og bussforbindelse. Kontakt kommunen for pris! Når vi pratar om dei verkeleg store klassikarane innan isklatring så er det umogeleg å kome utanom Jukulkula på Lalm i Vågå i Nord-Gudbrandsdalen. Alle som har klatra den veit godt kvifor. Dei som ikkje alt har gjort det bør snarast kvesse øksane. Les meir (PDF) Jotunheimen Fjellsportklubb har gitt ut jubileumsboka Undervegs ligg eventyret! Les mer her! Biletet er teke av Øystein Kleiven, Lalm. (Klikk på biletet for å få det større)
På butikken kan ein få alt ein treng til dagleg, både mat, strikkegarn og ein liten presang. Om du ønskjer ting som ikkje står i hyllane, så står hyggelege tilsette til teneste med å bestille og skaffe nestan kva det skal være. Bygda har plass til alle som vil flytte hit. Om du er åleine eller har med deg familie, om du er ung eller gamal, eller om du ønskjer å flytte ei verksemd frå ein travel by til naturskjønne omgjevnader, er du velkommen til Lalm, ei bygd mellom Jotunheimen og Rondane. Nest i industrifeltet, i området Kvennberget ligg nokre svære kampesteinar som vitnar om den kolossale vatnføringa i dalstroket i fjern fortid. Steinane har spor etter jettegryter på undersida og er spennande objekt for utforsking for store og små. I kleberindustriens fotspor. Bårstad Klebermølle hadde sin glanstid for mange år siden, nå forfaller restene etter den. Vi gikk langs taubanen, som gikk fra Lalm til Sel, her om dagen, en strabasiøs, men interessant og lærrerik tur. (Klikk på bildet for å se flere bilder) |