|
Kvennberget (Tolstadkvennberget) vart freda i medhald av lov om kulturminne, i 1987. Formålet med fredinga var å ta vare på verknadene av dette fornminnet i landskapet, og verne dei vitenskaplege interessene som knyter seg til dette.
Det var ei lokal tilsynsnemd for Kvennberget som tok initiativ til fredinga. Årsaka var at området nord for Kvennberget var planlagt til industriformål, og ein frykta at nye tiltak kunne få negative verknader for dette kulturminnet.
|

|