|
Startside
Historien om Lalm
Kvennberget
Bedrifter på Lalm
Lalm Oppvekstsenter
Lalm Samfunnshus
Lalm Musikkforening
Lalm Idrettslag
Andre foreninger
Natur og fritid
Bilder fra Lalm
Kontakt
Tips oss!
Nyheter
10.10.2011 - Vågå Turløypelag Info om skiløyper i Vågå Les mer >> 29.08.2011 - Zumba Lalm samfunnshus Les mer >> 13.02.2011 - Buldrerom Nørdre Kleiven Les mer >> 02.02.2011 - Småbarnskafe Lalm samfunnshus Les mer >> 01.01.2011 - Leie samfunnshuset? Ta kontakt! Les mer >>
|
Lalm Musikkforening
Oppstarten i 1932 – 1933
Det var Bårstad gruvearbeiderforening som startet hornmusikkbevegelsen på Lalm i 1932. Offisielt vart musikkforeninga stifta i 1933. Den sentrale ledelsen i Østlandske Stenexport AS støtta foreninga økonomisk ved kjøp av instrument. Det vart difor skrive eit punkt i vedtektene, at dersom foreninga vart nedlagt skulle eigendelane gå attende til gruveforeninga.
Det var Ingebret Dissen som var ildsjela bak stiftinga av foreninga. Han kom frå Sel, og hadde interessa for korpsmusikk i blodet. Som forpaktar av Bårstad gard, kom han i nær kontakt med arbeidarane på mølla og i kleber brota. På Bårstad arbeidde det den gong ca. 60 personar, og ei gruveforening var det ”brukeleg” å ha i slike miljø. Blant desse arbeidarane og andre på Lalm, vart det ei vaknande interesse for å starte eiga musikkforening.
|
Det var 12 personar med i musikkforeninga til å begynde med. Det var berre karar, og nokre av dei var:
Ingebret Dissen (far til Edvin Dissen)
Asmund Stenstuen
Kåre, Albert og Audun Jordet
Håkon Braaten (far til Sverre Braaten)
Knut Bråten
Olaf og Edvin Saastad
|
På midten av 80 tallet blomstret Lalm musikkforening opp og hadde nær 40 medlemmer. Mye av æren for at det skjedde, har Rolf Lund Thønset, som var dirigent fra 1984-91. De siste årene har Lalm musikkforening utviklet seg fra janitsjarkorps til et brassband, slik det er i dag. Musikkforeningen har mange aktive medlemmer. Driv også aspirantopplæring, samt "juniorbrass" og har et blomstrende musikkmiljø.

Brass familien
En av veteranene i foreningen, Jakob Kleiven, har godt selskap blant hornblåserne. Fire av hans barn er med i foreningen, så familien stiller sterkt i rekkene.. Jakob Kleiven har vært med i foreningen i 40 år og spillergleden har smittet over på barna hans, sammen stiller de opp på øvelser og bidrar med sitt i foreninga.
Aspirantopplæring
Da Musikkskulen i Vågå vart starta opp i 1992, hadde ingen frå Lalm meldt seg på. Dette tykte vi i Lalm musikkforening var veldig skuffande. Mange ungar hadde vore med i skulekorpset året før, og vi rekna med at ein musikkskule ville vere til stor hjelp for oss i rekrutteringsarbeidet. Men der tok vi feil!
Var interessa for korpsmusikk virkeleg så laber? Det kunne vi ikkje godta, så vi tok kontakt med dei ungane som hadde vore med i skulekorpset året før. Spørsmålet dei fekk var: ”Vil du vere med å spele om vi startar med opplæring på Lalm?”. Dei fleste var leie av speling og ville ikkje vere med, men nokre var positive. Med desse avtala vi ein oppstartingskveld for å sjå om vi fekk i gang noko. Da vi kom til samfunnshuset den avtalte kvelden, fekk vi oss ein stor overaskelse. Rykte hadde gått mellom ungane på Lalm for på scena sat det 14 forventningsfulle ungar som ville vere med på korpsopplæring. Interessa var der, så vi måtte berre gå i gang.
Sidan 1992 har vi hatt:
- 88 elevar (1992 – 2003)
- 11 av desse har vore med på vaksenopplæring (1998 og 2000)
- 32 instruktørar har vore med (1992 – 2003)
- gjennomført instruktørkurs på mange av instruktørane
- undervisning i Sjårdalen (1996 – 2002)
- undervisning i skuletida på Lalm skule i 3 år (1997 – 1999)
- juniorbrass oppstart i 2001, som gjekk over til:
- ungdomsbrass 2002
I ettertid viser det seg at mange er innom berre for kort tid. Vi kan ikkje forvente at ”alle” vil like å spele på horn. Vi sit difor etterkvart att med dei ivrigaste, og dei utgjer ein viktig del av eit aktivt og oppegåande korpsmiljø på Lalm. Dei er framtida for korpsmiljøet på Lalm og evt. andre bygder dei måtte slå seg ned.
Lalm Ungdomsbrass
Starta opp i 2002 med Odd Ivar Svelstad som dirigent. Stein Harald Nustadhaugen svinga taktstokken førre sesong og i år er det Tom Morten Løkken som har det musikalske ansvaret.
LUB består i dag av 15 musikantar og er eit tilbod for dei unge og ungdommelege på Lalm og i Sjårdalen. (LUB er og opne for medlemmar frå andre plassar). I januar 2004 hadde LUB sitt første årsmøte og fekk da eiga styre, godkjende vedtekter, aktivitetsplan for 2004 og budsjett for 2004. LUB skal samarbeide tett med LMFog dei fleste medlemmane i LUB er og med i LMF.

Klikk på logo for å komme til egen nettside.
|
|