www.lalm.no

Startside
Historien om Lalm
Kvennberget
Bedrifter på Lalm
Lalm Oppvekstsenter
Lalm Samfunnshus
Lalm Musikkforening
Lalm Idrettslag
Andre foreninger
Natur og fritid
Bilder fra Lalm
Kontakt
Tips oss!

 

Nyheter

10.10.2011 - Vågå Turløypelag
Info om skiløyper i Vågå
Les mer >>

29.08.2011 - Zumba
Lalm samfunnshus
Les mer >>

13.02.2011 - Buldrerom
Nørdre Kleiven
Les mer >>

02.02.2011 - Småbarnskafe
Lalm samfunnshus
Les mer >>

01.01.2011 - Leie samfunnshuset?
Ta kontakt!
Les mer >>

Lalm, ein god plass å bu!

Lalm ligg i Vågå kommune, midt mellom Vågå og Otta, og har ca. 280  husstandar. Bygda har storslått natur, spennende historie, trygge oppvekstvilkår for barna og er ein trygg plass å bu for store og små. Frå det nye bustadfeltet, og ellers i Lalm sentrum, er det gangavstand til det meste: Butikk/post, oppvekstsenter (barnehage og skule), samfunnshus, idrettsplass, ljosløype og ein del arbeidsplassar.

  webbilder_003.jpg


KOMMVPEN.gif   

Vågå kommune har  utferdiget 12 (5 stk.bebygd) nye bustadtomter på Lalm som trygt kan bli karakterisert som dei finaste i Nord-Gudbrandsdalen! Tomtene ligg skjerma for vind i solvendt, frodig skogterreng med fjellheimen som nærmaste nabo. Det er kort vei til oppvekstsenter, barnehage, leikeareal, butikk og bussforbindelse.


Rundt Lalm er det skog og fjell på alle kantar og i dalbotnen brusar Ottaelva grøn og frisk. Inne på Tolstadåsen finst både sopp og bær. Om hausten er tyttebærlyngen raud så langt ein kan sjå. Det er sett opp tydelege skilt og turane på åsen kan ein gjere så lange og krevjande som ein måtte ønskje.  Vågå kommune har også reinsdyrjakt og for mange er dette det aller vakraste eventyret i fjellet om hausten.

  september_2006_018.jpg 

  jukulkula  


Vatn og elver er rike på fisk, og auren er i ferd med å vekse seg riktig stor i nokre vassdrag. Aure og harr kan ein ta på stang langs Ottaelva og dei idylliske fiskeplassane på båe sider av elva er mykje brukt av turistar og bygdefolk sumaren gjennom. Isfiske er populært på fjellvatna om vinteren. Det er store områder med moglegheit for jakt. All slags storvilt og småvilt finst i rikelig monn. 

Når vi pratar om dei verkeleg store klassikarane innan isklatring så er det umogeleg å kome utanom Jukulkula på Lalm i Vågå i Nord-Gudbrandsdalen. Alle som har klatra den veit godt kvifor. Dei som ikkje alt har gjort det bør snarast kvesse øksane.  Les meir (PDF)

Biletet er teke av Øystein Kleiven, Lalm. (Klikk på biletet for å få det større)


På butikken kan ein få alt ein treng til dagleg, både mat, strikkegarn og ein liten presang.  Om du ønskjer ting som ikkje står i hyllane, så står hyggelege tilsette til teneste med å bestille og skaffe nestan kva det skal være.
Bygda har plass til alle som vil flytte hit. Om du er åleine eller har med deg familie, om du er ung eller gamal, eller om du ønskjer å flytte ei verksemd frå ein travel by til naturskjønne omgjevnader, er du velkommen til Lalm, ei bygd mellom
Jotunheimen og
Rondane.

  hovda.jpg

DSC00419.JPG   

Nest i industrifeltet, i området Kvennberget ligg nokre svære kampesteinar som vitnar om den kolossale vatnføringa i dalstroket i fjern fortid. Steinane har spor etter jettegryter på undersida og er spennande objekt for utforsking for store og små. 

Vil ein reise litt lenger bort, er både Jotunheimen og Rondane innan rekkjevidde. Det er ikkje ein lang biltur til Gjendesheim og Besseggen eller til Høvringen. Vestlandet kan ein nå på fleire måtar, t.d. via Stryn, Geiranger, Bøverdalen og Sognefjellet. 

Vil ein sleppe å køyre sjølv, finst det talrike bussruter i alle riktningar.

  besseggen3.jpg

  kleber2011_2 

I kleberindustriens fotspor. Bårstad Klebermølle hadde sin glanstid for mange år siden, nå forfaller restene etter den. Vi gikk langs taubanen, som gikk fra Lalm til Sel, her om dagen, en strabasiøs, men interessant og lærrerik tur. (Klikk på bildet for å se flere bilder)

 


ESMA Forlag © 2010 - Sist oppdatert 1. desember 2011