Lalm

Lalm
I mellomalderen heitte det Ladalm.  Namnet kjem at at det var stabla opp og lada vinterfôr her, i la og lyu. Frå tidleg mellomalder hadde vi den viktigaste industriarbeidarplassen i Gudbrandsdalen. 

Skrifter fortel at det var drift her på 1400-talet, men truleg var det brote kvernsteinar alt i vikingtida. Gardane hadde bekkekvernar og det trongst kvernsteinar.

Frå kvernberget vart det levert steinar både her i Norge og til utlanda. På same tid vart det teke myrmalm og laga jarn, for mykje reiskap skulle til. Ved Melingen finst merke etter jarnblåster. Mela og lendet rundt er ein interessant stad. Her vart det drive pottemakar-arbeid, for her fanst fin leire. Her drog dei og ståltråd, og langsetter bekken ligg mange kvernhus.

Huldra og Erland.

Kulturtradisjoner på Lalm
Men det er ikkje berre når det gjeld industri at Lalm har utmerka seg.  Au når det gjeld kultur og folketradisjon. Mange tå di beste spelmeinnein har skapt sitt læte i desse vesle grend.  Spelmeinns-Skårin, Estin Li’n (som var blind) n’Vetl’ Kristen Reiremo n’Ola og Iva Bråtå er navn som kanskje berre di mest interesserte veit om idag.  Per Brenden, Ola Skogheim og Eide-brørn (Ola, Pål og Petter) høyrer nyare tid til – og ikkje minst Skogomskarein.  Døm er så mange at det vil føre for langt å nevne døm alle.  Det er sagt – med rette – om ho Anna og n’ Estin Skogum at det er få som har gjort så mykje for folkemusikken som nettopp døm.  Døm sette 6 spelmeinne åt verd’n.  Fleire kjente tresikjærarar har det vore, Anders Tassmyrhaugen var fødd her. N’  Edvard Bakkom som var med å smykke ut Heidalskyrkja.  Idag er vel n’ Magnus og Helge Orrhaugen dei fremstre tradisjonsbærarane.   

Oss ska heller ikkje gløyme Olav Hanslin, kunstmålar og skulptør som studerte i Paris i 1920 og som m.a. har utført relieffet ogo scena på samfunnshuset etter sagnet om Huldra og’n Erland.

Oss treng vel ikkje vera så beskjedne anna enn oss nevner at det er 3 olympiske deltagere som har sine røt på Lalm.  Arne Barhaugen, Håkon Brusveen og Marit Mikkelsplass.  Brusveen vart olympisk mester på 15 km i Sqaw Valley i 1960.  Og sist men ikkje minst, Ivar Kleiven.  Bøk som ”I gamle dågå”, ”I heimegrendi” og ”Eløvesøg” pluss ei rad med bygdabøk for 7 forskjellige bygder i Gudbrandsdalen er ein stor kulturskatt tå nasjonalt format.  Dalens Snorre er ein passande heiderstittel.  Ikkje utan grunn at Ivar Kleiven var ein av dei mest foreslåtte navn til tittelen ”århundrets døl”.